Brukarvilkår
Sist oppdatert: 9. juni 2026
1. Om tenesta
Møkkamatch er ein norsk marknadsplass som koplar bønder, entreprenørar og biogassanlegg for utveksling av husdyrgjødsel, biorest, spreieareal og transport. Ved å bruke sida aksepterer du desse vilkåra.
2. Brukarkonto
Du må vere myndig for å opprette konto. Du er ansvarleg for å halde påloggingsinfo sikker, og for all aktivitet på kontoen din. Oppgi korrekte opplysningar.
3. Annonser og innhald
- Du eig sjølv innhaldet du legg ut, men gir Møkkamatch rett til å vise det.
- Annonser skal vere ærlege, presise og overhalde norsk lov, inkludert reglar for gjødsel, transport og miljø.
- Det er ikkje lov å leggje ut innhald som er ulovleg, krenkjande, villeiande, spam, eller bryt tredjepartsrettar.
- Møkkamatch er ikkje meint for lagring av sensitive dokument, jordprøver, gjødslingsplanar, kontraktar eller annan driftskritisk dokumentasjon. Brukarar er sjølve ansvarlege for innhald dei legg inn i annonser.
- Møkkamatch kan fjerne annonser eller stenge kontoar som bryt vilkåra, utan førehandsvarsel.
4. Ansvar
Møkkamatch er ein formidlingsplattform og er ikkje part i avtalar mellom brukarar. Vi tek ikkje ansvar for kvalitet, lovlegheit eller leveranse av ressursar, tenester eller transport som blir omsett gjennom sida. Partane er sjølve ansvarlege for at avtalar, dokumentasjon og handteringa av gjødsel følgjer norsk regelverk.
5. Annonser frå tredjepart
Sida kan vise annonser frå Google AdSense og andre annonsørar. Innhaldet i desse annonsene er ikkje vårt, og vi tek ikkje ansvar for produkt eller tenester som blir marknadsført der.
6. Personvern
Sjå personvernerklæringa for korleis vi handterer personopplysningar.
7. Endringar
Vi kan endre vilkåra. Vesentlege endringar blir varsla på sida. Vidare bruk etter endring blir rekna som aksept.
8. Kontakt
E-post: gjodselbors@gmail.com
