Nye fosforkrav: har du for mykje gjødsel — eller for lite?
Grensa for kor mykje fosfor du kan spreie går ned frå 3,5 kg per dekar. Mange gardar må finne meir spreieareal eller nokon som kan ta imot gjødsla. På Møkkamatch finn de kvarandre — gratis, i heile Noreg.
Slik fungerer det
- 1
Lag gratis brukar
Det tek under eitt minutt med e-post eller Google.
- 2
Legg ut annonse
Skriv kva du har eller treng: gjødsel, areal eller transport.
- 3
Få svar
Folk i nærleiken tek kontakt med deg via meldingar.
Nye grenser frå 2027
Dei fleste fylka
2,8 kg P/daa
Rogaland
3,1 kg P/daa
Troms og Finnmark
2,5 kg P/daa
Har du ikkje nok eige areal, må gjødsla leverast til andre gardbrukarar med ledig areal eller til biogassanlegg. Les meir hos Landbruksdirektoratet.
Har du for mykje gjødsel?
Sjå kven som tilbyr spreieareal i nærleiken, eller legg ut at du har gjødsel å levere.
Sjå spreiearealHar du ledig areal?
Kornbønder og andre med ledig areal kan få gratis næring. Finn gjødsel og biorest som blir tilbydd.
Sjå gjødselTreng du transport?
Finn nokon som kan køyre og spreie gjødsla, eller tilby kapasiteten din.
Sjå transportHugs papirarbeidet
- Det skal liggje føre ein skriftleg avtale mellom den som leverer og den som tek imot gjødsla.
- Leveransar skal førast i gjødseljournalen. Frå 2026 gjeld det leveransar over 75 kg fosfor i året.
- Møkkamatch formidlar berre kontakt. Partane avklarer sjølve regelverk, dokumentasjon og løyve.
Få beskjed når det kjem nye annonsar i ditt område
Lag varsel