Personvernerklæring

Sist oppdatert: 9. juni 2026

1. Behandlingsansvarleg

Møkkamatch er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar på denne sida. Spørsmål om personvern kan sendast til gjodselbors@gmail.com.

2. Kva opplysningar vi samlar inn

  • Kontoopplysningar: namn, e-post, telefonnummer og postadresse du oppgir ved registrering eller i profilen din.
  • Annonseinnhald: tekst, bilete og lokasjon du legg ut.
  • Meldingar: innhald i meldingar mellom brukarar lagrast for at samtalane skal vere tilgjengelege.
  • Teknisk informasjon: IP-adresse, nettlesartype, einingstype og tidspunkt for besøk, til drift, tryggleik og misbruk-førebygging.
  • Informasjonskapslar: for innlogging, preferansar og annonser (sjå punkt 5).

3. Føremål og rettsleg grunnlag

  • Levere tenesta (avtale, GDPR art. 6(1)(b)).
  • Drift, tryggleik og loggar (rettkomen interesse, art. 6(1)(f)).
  • Personlege annonser frå Google AdSense, og måling av registreringar frå Facebook- og Instagram-annonsar med Meta-pikselen og Google Ads (samtykke, art. 6(1)(a)). Trekk tilbake samtykket ved å tømme informasjonskapslane for sida.

Møkkamatch er ikkje meint for lagring av sensitive dokument, jordprøver, gjødslingsplanar, kontraktar eller annan driftskritisk dokumentasjon. Brukarar er sjølve ansvarlege for innhald dei legg inn i annonser.

4. Deling av opplysningar

Vi sel ikkje personopplysningar. Opplysningar vert delte med databehandlarar som er naudsynte for drifta, deriblant:

  • Hosting og database (skytenestleverandør i EU/EØS).
  • E-postutsending for varsel og kontoadministrasjon.
  • Google AdSense for visning av annonser, og Meta Platforms (Facebook/Instagram) og Google Ads (Google Ireland, sjå business.safety.google/privacy) for måling av annonsar: sidevisingar og registreringar, med informasjonskapslar og IP-adresse, berre etter samtykke.

Andre brukarar ser den informasjonen du sjølv legg ut i annonsa di (inkl. namn, kontaktinfo og lokasjon dersom du vel å vise det).

5. Informasjonskapslar og annonser

Sida brukar informasjonskapslar for innlogging og funksjonalitet. I tillegg brukar Google AdSense cookies for å vise annonser. Google og tredjepartar kan bruke desse til å vise personlege annonser basert på besøka dine på denne og andre nettstader.

Du gir eller trekkjer samtykke til personlege annonser via samtykke-banneret nederst på sida. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ved å tømme cookies for domenet, eller administrere annonsepreferansane dine hos Google:

6. Lagringstid

Kontoopplysningar lagrast så lenge kontoen er aktiv. Annonser og meldingar lagrast så lenge dei er relevante for tenesta. Du kan be om sletting ved å kontakte oss.

7. Dine rettar

Du har rett til innsyn, retting, sletting, dataportabilitet og å protestere mot behandling. Klage kan rettast til Datatilsynet.

8. Endringar

Vi kan oppdatere erklæringa. Vesentlege endringar vert varsla på sida.

9. Kontakt

E-post: gjodselbors@gmail.com