Om Møkkamatch
Husdyrgjødsel og biorest er nokre av dei mest verdifulle næringskjeldene i norsk landbruk. Likevel går mykje til spille fordi tilbod og etterspurnad ikkje finn kvarandre. Møkkamatch er marknadsplassen som koplar dei saman.
Kven står bak Møkkamatch?
Møkkamatch er starta av Jan-André Førde Systad frå Liland Gard i Lavik. Bakgrunnen for tenesta er eit praktisk behov i landbruket: å gjere det enklare for bønder, entreprenørar og biogassaktørar å finne kvarandre når det gjeld husdyrgjødsel, biorest, spreieareal og relevante landbrukstenester.
Møkkamatch er utvikla som ei enkel digital formidlingsteneste, der brukarar kan legge ut annonser, finne aktuelle aktørar og sette opp varsel for sitt område.
Slik fungerer Møkkamatch
Betre ressursutnytting
Næring frå husdyr og biogassanlegg kjem fram til åker og eng som faktisk treng dei.
Mindre transport
Lokale matchar mellom tilbydar og søkjar reduserer køyrelengd og utslepp.
Heile landet
Annonser frå alle norske fylke — finn ressursar nær deg.
Sirkulær økonomi
Restprodukt frå éin produsent blir innsatsfaktor for ein annan.
Kven er Møkkamatch for?
- • Husdyrprodusentar med overskot av gjødsel.
- • Planteprodusentar som treng husdyrgjødsel eller biorest.
- • Biogassanlegg som tek imot gjødsel og leverer biorest.
- • Entreprenørar som tilbyr transport, pumping og spreiing.
Kva Møkkamatch er – og ikkje er
Møkkamatch er ei marknadsplass og formidlingsteneste. Tenesta skal gjere det enklare å finne og tilby gjødsel, biorest, spreieareal og relevante landbrukstenester. Møkkamatch kan også brukast til å finne eller tilby jord til leige, enten det gjeld slått, beite, dyrking eller areal som kan vere relevant som spreieareal.
Møkkamatch er ikkje eit rådgivingssystem, dokumentarkiv, gjødslingsplanverktøy eller offentleg rapporteringssystem. Brukarar skal ikkje laste opp sensitive dokument, jordprøver, gjødslingsplanar, kontraktar eller annan driftskritisk dokumentasjon i annonsane.
Detaljar, dokumentasjon og avtalar bør handterast direkte mellom partane utanfor Møkkamatch.
Ansvar og dokumentasjon
Møkkamatch formidlar kontakt mellom partar, men er ikkje part i avtalar som blir inngått mellom brukarar. Den enkelte brukar er sjølv ansvarleg for å vurdere kvalitet, mengde, pris, transport, tidspunkt, spreiing, dokumentasjon og at gjeldande regelverk blir følgt.
Brukarar må sjølve sørge for nødvendig dokumentasjon der dette er relevant. Dette kan til dømes gjelde gjødslingsplan, gjødseljournal, avtalar om spreieareal, transportavtalar, analyseverdiar, mengder, tidspunkt og stad for spreiing.
Brukarar må sjølv sørge for nødvendig dokumentasjon der dette er relevant. Dette kan til dømes gjelde:
- gjødslingsplan
- gjødseljournal eller annan dokumentasjon på faktisk spreiing
- mengde gjødsel eller biorest som er mottatt eller levert
- tidspunkt og stad for spreiing
- spreieareal og eventuelle avtalar om bruk av areal
- transportavtalar
- analyseverdiar eller næringsinnhald der dette er relevant
- annan dokumentasjon som krevst av styresmakter, varemottakar, rådgjevar eller eige kvalitetssystem
Regelverk kan endre seg over tid. Brukarane bør derfor kontrollere gjeldande krav hos relevante styresmakter, rådgjevar eller varemottakar før avtalar blir inngåtte og gjødsel eller biorest blir teke i bruk.
iViktig
Møkkamatch gir ikkje juridisk, agronomisk eller økonomisk rådgjeving. Plattforma skal gjere det enklare å finne aktuelle kontaktar, men brukarane har sjølv ansvar for avtalar, dokumentasjon og regelverk.
Relevante offentlege kjelder
Personvern
Møkkamatch lagrar berre informasjon du sjølv legg inn — namn, kontaktdetaljar og annonsedata. Kontaktinformasjon på profilen blir berre vist offentleg dersom du sjølv aktiverer dette. All kommunikasjon mellom brukarar går via vår meldingsfunksjon, og vi sel aldri data til tredjepart.
